Blomebloggen

HIPP HIPP HIPP HURRA

Endeleg er det mai. Våren er på veg, konfirmasjonar skal feirast og nasjonaldagen sig sakte men sikkert på.
Treng du noko nytt til frokostbordet eller kanskje berre ein bukett? Eg har det du treng.
Minner om at åpningstidene i mai er dei same som alltid:

  • Mån – Fre. 10.00-17.00
  • Lør. 10.00-15.00
    11221098_10153839193675110_1461614070_o

God feiring.
Vårklem frå Fru Tveit

Litt påskegodt

Det er snart påske og med det følger familiemiddagar, ferie for ungane, skiturar med appelsin, solo og kvikk-lunsj, god krim og mykje anna påskegodt.
I den anledning vil eg gi deg eit par tips til korleis du kan dekke bordet på ein fin og morosam måte.
Du kan sjølv velge om det skal vere fint og elegant eller litt meir personleg.
Du treng:

  • Egg
  • Blomar
  • Serviettar og
  • Yndlingsservicet ditt.

Gjer som du vanlegvis ville gjort når du holer ut eit egg, når du er ferdig kan du gjere det så enkelt som å skrive på navnet med ein vanleg svart sprittusj eller kva for farge du måtte ønske. Ein annan god idè er og la borna teikne eller måle sine egne motiv før du skriv. Dette er både moro for unge og vaksne.IMG_1731
Eg valgte ein enkel men stilrein metode for Oda sitt bordkort, kan aldri slå feil.
Håla på kvar side av egget kan du no gjere litt større slik at ein blomestilk enkelt kjem igjennom.

Den andre idèen er like enkel som den forrige og denne kan og fungere som pynt resten av påska.IMG_1730
Håper du fekk nokon gode idèar og husk at påskas blomar og serviettar får du sjølvsagt kjøpt hos Fru Tveit.
Skulle du ønske å bestille er det bare å ta kontakt med meg på facebook eller send meg ei melding på telefon.
Butikken er og åpen måndag-fredag 10.00-17.00 og laurdag 10.00-15.00.

Påskeklem frå Fru Tveit

Ny heimeside

Velkommen til den nye heimesida til Fru Tveit AS.
Her vil du finne kontaktinformasjon og eit blogginnlegg i ny og ne.

Ta deg ein kikk og del gjerne heimesida på facebook.

TreungenHelsing Egil og Jon, administrerande webdirektørar.